sØknadsfrist 15. april

BAS lokale i gamal mølle i Sandviken, Bergen.
(Foto: Mona Steinsland)

Master i arkitektur
Om opptaket til studiet ved BAS:

Alle som har allmenn studiekompetanse eller tilsvarande kan vurderast for inntak. Dvs. du må tilfredsstilla krava til immatrikulering ved norske universiteter og høyskoler. Dette må du sjølv dokumentera når du søkjer skulen, hugs at det finst fleire vegar til allmenn studiekompetanse, søk råd ved Universitetet i Bergen, UiB.

Føresetnad nr. 1 er likevel det personlege engasjementet til søkjaren. - "Eg vil studera til arkitekt ved Bergen Arkitektskole" må koma i brev, som må vera underskrive personleg. I dette brevet klargjer du din motivasjon for å bli arkitekt, og du ber om å få tilsendt søknadsskjema.

Neste trinn vert då å sende inn søknad på dette. Søknaden må vera sendt skulen innan 15. april. Her presenterer ein sin bakgrunn og interesser. Interessa for arkitektur og samfunn må vera underbygd med bygningspraksis og samfunnspraksis, og erfaring frå kunstpraksis. Likeins erfaringskunnskap om sin eigen og andre kulturar, tel her medrekna reiser.

På grunnlag av søknadsskjemaet vert du eventuelt kalla inn til samtale med opptaksnemnda (to lærarar, ein student og ein praktiserande arkitekt frå Bergen Arkitektforening, BAF). Inntaket vert her avgjort. Mellom likestilte kandidatar vert motivasjon og underbygginga av denne det avgjerande. Me tilrår at du tek med portofolio til samtalen, der du viser tidlegare arbeid du har gjort.

Studieavgifta er kr. 11.470,- pr. semester - kr. 22.940,- pr. år.

Bergen Arkitekt Skole oppmoder alle dei som ynskjer å studere ved skulen, til å besøke oss i Sandviken og slik få eit bilete av han før ein eventuelt byrjar på studiet. Sjå og vidare på web-sida www.bergenarkitektskole.no og Utdanning i Bergen.

Den fullstendige studieplanen (kr 50,- + porto) kan ein få kjøpt ved å kontakta skulen, eller fritt tilsendt per e-post. Det er og ynskjeleg at du les boka BAS-alternativet før du søkjer deg til skulen.

Dersom du har minimum ein bachelor i arkitektur frå før, kan du søkje om opptak til 4. året ved BAS.

Det er høve til å vere gjestestudent ved BAS for dei som har arkitektutdanning eller tilsvarande. Dette gjeld for eitt eller to semester.

For alle studentar kjem i tillegg den ordinære semesteravgifta til studentsamskipnaden i Bergen, kr 470,- for semesteret.

Soleis kan ein samanfatte krava for å verte teken opp ved BAS:

  1. Allmenn studiekompetanse
  2. Personleg engasjement og motivasjon synleggjort gjennom brev til skolen
  3. Søkje om opptak på søknadsskjema innan 15. april
  4. Betale studieavgifta

Kontakt oss for informasjon og søknadskjema

  • Postadresse: Bergen Arkitekt Skole, Postboks 39, 5841 Bergen.
    Besøksadresse: Sandviksboder 59-61a, 5035 Bergen
    Tlf: 55 36 38 80
    Fax: 55 36 38 81
  • E-post: adm@bergenarkitektskole.no
    og husk: www.bergenarkitektskole.no

bas, sandviksboder 59-61a, no-5035 bergen, norway   |   tlf 5536 3880, fax 5536 3881   |   e-post adm@bergenarkitektskole.no