open form - oskar hansen symposium 2003 TEMA - «DET VAKRE»
Det fyrste OH-symposiet vart halde 2001 som helsing til Oskar Hansen sin 80-dag. I år held BAS det tredje.
Open Form har vore hovudemnet for symposiet heile tida, med eit drøftande delemne kvar gong.
På det fyrste: maktuttrykket i kunst og arkitektur, i fjor paradigmaskiftet i arkitekturen, og i
år det vakre.
Oskar Hansen vart tidleg på 50-talet arrestert og sett under dom av den stalinistiske folketribunalen i
Warszawa, for antisosial og dekadent arkitektur. Han hadde stått for utforminga av offentlege utstillingar
i fri modernistisk uttrykk.
Domen ville ført han i Sibir om han ikkje hadde vorte redda av den velakta arkitekten Cyrkus, ein av
fagfolka i dommarkollegiet. Han meinte "ungdommeleg villfaring" måtte leggjast til grunn for "misgjerningane",
og heller påleggja den unge arkitekten å søkja den "rette" vegen.
Oskar Hansen tok konsekvens av dette og gjekk i indre eksil, der han sat dei neste fire åra, til den
"polske våren" 1956. Dette var som kjent eit nasjonalkommunistisk opprør som sette den Moskvastyrte
stalinismen til sides, og fekk den fengsla kommunistsekretæren Gomulka fri og inn att som nasjonal leiar av
sentralkomiteen.
Oskar Hansen var då reie. Tida i den sjølvpålagde husarresten hadde han nytta til vidare utvikling
av kunst- og arkitekturuttrykket, i samsvar med dei demokratiske og menneskelege grunnlagstankane som
kort tid etterpå skulle verta kjent som "Open Form, reiskapen for å rå med det store talet".
"Det store talet" (le grand nombre) refererar til den demokratiske retten at alle samfunnsmedlemmene har makta,
og kvar einskild har retten til personleg uttrykk. (Dette i motsetnad til at massen av folk skulle ha
denne retten og tilfredstillast gjennom masseproduksjon av repeterte former, godkjende av sentralstyrte
standardreglar.) Open Form hevda ein menneskerett til eige uttrykk, det å kunna identifiserast som
menneskeleg individ. Lik rett skulle ikkje forvekslast med lik form for alle.
I kunsten sitt opne og ukjente land kunne Oskar Hansen finna nye førestillingar som kunne erstatta
dei gamle. Han hadde bakgrunn i studie i Frankrike og Italia før han vendte heim att til Polen 1951,
etter å ha jobba i Paris på arkitektkontoret til Pierre Janneret (fetteren til Le Corbusier),
måla hjå Fernand Legèr, studert historiske bygg og byar, delteke på CIAM-konferanse
(for kontoret Janneret), og drøfta det nye kunstuttrykket med Picasso. I si "eksiltid" i Warszawa
hadde Oskar Hansen arbeidd med rom og struktur både i skulptur, flateuttrykk, arkitektur og konstruksjon.
I 1956 hadde han eit stort materiale å visa. Den radikale krinsen knyta til det Jødiske Teatret
(Teatr Zydowski) inviterte han straks til å halda utstilling i teaterfoyeen. Teatret låg då
på den sentrale Sigersplassen (Plac Wyczentswa), utstillinga fekk veldig atterklang og Oskar Hansen
vart landskjent over natta. Dette vart eit viktig innlegg i debatten for ei ny tid, både om arkitektur
og kunstuttrykket, ein aktivitet som snøgt skulle bringa Polen fram internasjonalt på alle
kunsten sine område.
DET VAKRE I DESSE TIDER
Ikkje på grunn av despoti og overgrep i våre dagar, som me alltid må vera merksame
på og vera på vakt mot, men fordi me til kvar tid må drøfta våre uttrykk i
samfunnsrommet, held me ein ny sesjon om Open Form.
Det vakre er eit grunnleggjande og ikkje uproblematisk omgrep i kunsten og arkitekturen. Det vakre
og estetiske kan lett verta allment vedteke og konformt, og det nye og søkjande kunstuttrykket kjem
i opposisjon. Men nett no, i vår sjølvnøgde vesterlandske kultur, må me meir enn
nokon gong setja vår lit den vakne kunstnaren. Det sanne som me søkjer, det som avdekkar,
samsvarar ikkje så lett med konvensjonens normer, korkje det som reknast for rett eller vakkert.
VÅR LIT STÅR TIL KUNSTNAREN
«I believe that act and perceptions of combining, of making constant connections on many
levels are the driving motivation of our aesthetic... So it is a system that attempts to break down
separations and is therefore an integral part of all other systems and activiteis. European culture
has evolved into one of separations, of classifications and of hierarchies. I do not mean to imply
that one culture is totally positive and the other totally negative, just that they are truly different.
With that remarkable difference we find ourselves invaded by European culture. That directly involves
artistic work with political work: two necessities that are inextricably bound to each other».
- Jimmie Durham, «Ni Go Tlunh A Do Ka»
På OH-symposie 1 hadde me skulptøren Antony Gormley, kjent her i landet for
"mennene på Sola-stranda", og for det store Stavangerprosjektet som er under realisering.
På OH-symposie 2 viste Per Inge Bjørlo sine arbeid, kjent for utsmykkinga
på Gardermoen og den arkitektoniske installasjonen på Samtidsmuseet, og mange andre arbeid.
På dette OH-symposiet får me møta Jimmi Durham. Gormley og Durham
har me fått i samarbeid med Galleri Sølvberget, Stavanger. Dei er begge representert i
Stavanger International Collection AS. Sjå www.sicart.net, og katalog SIC! SÅ LANGT (Stvgr.03):
- «... Jimmie Durham er billedkunstner, performanscekunstner og poet. I sine prosjekter,
som i det han kaller Eurasia, retter han ofte et kritisk blikk mot vår tids samfunn. Arkitektur
symboliserer for Durham de vestlige verdier, verdier som han er kritisk til. Som cherokee tilhører
han en grunnleggende annen kultur enn den eouro-amerikanske, som har sitt utspring i oldtidens
kulturer og i midtøsten. Sentralt for denne eurasiske kultursfære er arkitektur som maktstruktur og g
rensemarkering. For Durham blir arkitekturens stivnete form overført til menneskene, som selv blir
arkitektur, innklemt mellom sine møbler og hus...»
GJESTER I ARKITEKTUR OG ROM
I tillegg til biletkunstnarane er kvart år arkitektar og filosofar gjester. Filosofen Bjørn
Holgernes frå Universitetet i Bergen, kjent som Heidegger-tolkar og fast BAS-førelesar er
med kvart år. Inviterte arkitektar har vore både frå inn- og utland, og våre eigne
uteksaminerte frå BAS. På dei to fyrste symposia hadde me arkitektane Ralph Thut frå
München, Marco Casagrande frå Helsinki, Ti-Nan Chi frå Tai-Pee, Ulf Grønvold
frå Norsk Arkitekturmuseum og Ingolf Westbø (paradigmeskiftet), landskapsarkitektane
Charlotte Skipsted og Kine Halvorsen Thoren, Urban Project Manager Hans Venhuizen, og utvalde BAS-arkitektar.
OM HAVET SOM LANDSKAP, LEVANDE BYGD, OM FORM OG NORM.
I år kan du høyra oseanograf Poul Holm, professor og rektor for det Syd-jydske universitet,
"om havet som landskap", skulptøren Asbjørn Andresen (den Blå Stein i Bergen og s
kulpturen ved inngangen til Statoil, Majorstua, Oslo), "om Open Form og diskusjonen som metode",
Anniken Greve, litteraturprofessor i Tromsø, om "Form og norm", og Odin Vigestad (frå
Fylkesmannen i Hordaland), "landsbyen på ny i dagens urbanisering på bygda". I tilknyting
til dette viser BAS-arkitektar prosjekt og realiseringar av nye tun og grender, i Bergen og på
Osterøy.
Innleiinga vert som kvar gong ved underteikna, dette til Oskar Hansen sjølv kan koma, som han har
lova. Til så lenge: - reis til Warszawa til opninga av utstillinga hans den 17.juli i år. Han vert og
snart finna med nyskriva bok på internett.
SYMPOSIET 2003 TEK TIL SUNDAG 11.MAI kl. 1600, i Kantina på BAS. VEL MØTT.
Svein Hatløy, rektor BAS
|