av Svein Hatløy, 05.06.01

SYMPOSIUM 2001 - OSKAR HANSEN OPEN FORM SESJON - PÅ BAS 10-12. MAI 2001

Tre dagar med 18 innlegg og førelesingar, 4 av dei frå utlandet, London, München, København og Helsinki.

BAS takkar NAL for økonomisk støtte. Alle MNAL/NLA/NIL var inviterte gjennom Arkitektnytt, og dessutan alle kunststudentane i Bergen, men få av desse møtte. Presidenten i NAL og redaktøren av Arkitektnytt sende hyggeleg helsingar og takka for invitasjonen, men diverre. Derimot møtte direktøren for Norsk Arkitekturmuseum, Ulf Grønvold, og ein sentral representant for nordiske/europeiske landskapsarkitektar, Charlotte Skipsted frå Danmark.

Symposiet kunne starta, og jubilanten Oskar Hansen fekk oversendt tillukke-ynskje frå ein fullsett sal.

DER URSPRUNG DES KUNSTWERKES

"Opphavet til Kunstverket" av Heidegger var opningsemnet. Bjørn Holgernes, frå Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen, presenterte det filosofen Heidegger skriv om dette. Filosofien hans vert oftast referert til som vanskeleg tilgjengeleg, kanhende med rette, men ikkje med filosofilæraren Holgernes på podiet. Slik og denne gongen, - han demonstrerar tankane, meir enn å referera dei, og me i salen får "sjå" kva Heidegger meinar. Dette skulle fleire arkitektar og kunstnarar ha høyrt og sett. (Noko for etterutdanninga på Arkitektakademiet til NAL?) Me som har det previlegium å få høyra det når me vil, har kvar gong like stort utbytte - som korreksjon og klårgjering, men hjå oss også for sjeldan. Mange fekk høyra og forstå dette for fyrste gong. Denne drøftinga er grunnleggjande for dei som undrar seg over kva kunsten er.

Holgernes tok det innleiande av ei lang tankerekkje (BAS har alt tinga ein serie førelesingar til oppfylgjing): om objektet i tre kategoriar: - naturobjektet, brukstingen, og kunstuttrykket. Abstraksjonen i biletkunsten treng ein for å skjøna kva ein stein er, og refleksjonen over det påfallande ved ein bruksting er utgongspunktet for ei abstrahering som er kunsten sin undersøkings- og visingsmåte. Altså: det daglege, journalistiske, spørsmålet om kva kunstverket tyder, er spørsmålet snudd på hovudet. Problemstillinga er det motsette: ved hjelp av kunsten sine abstraherande arbeidsmåtar kan ein sjå og nærare forstå det samansette i natur- og bruksobjekt.

Prosjekt for minnesmonument over dei drepne i konsentrasjonsleiren Auschwitz under den 2. verdenskrig. Dette var vinnarprosjektet til Oskar Hansen m.fl. i den internasjonale tevlinga, men det vart ikkje realistert.

OSKAR HANSEN

-hadde sendt si helsing - om uro for utviklinga i utbyggingsmåten i våre samfunn, den utesande og uomtenksame forma. "Det store talet" er ute av styring og målretning er fråverande. Fyrsteårsstudent Franz Midttun las brevet. Det kontinuerlege, lineære systemet, KLS, (sjå Byggekunst 1970 nr.3) er Oskar Hansen sitt alternativ. Illustrasjon vedlagt. Eit stort arbeid ligg framføre oss. Sluttsitat frå brevet: «-Eg ser på framtida med missunning, de som er skapande - framføre dykk ligg mange fantastiske kampar med sjangsar for suksess.»

ULF GRØNVOLD

-viste arkitekt Grosch sin Noregs Bank bygning i Oslo, som no skal husa Norsk Arkitektmuseum, og hagen, som kan gje profil til eit moderne museum. Begge delane av museanlegget vart drøfta grundig. Mål og retning for formidlinga kan til kvar tid stikkast ut, særleg i hagen. Benkeforslag frå student på 2.rad: - BAS står gjerne for opningsutstillinga.

CHARLOTTE SKIPSTED

-serverte deserten i dagens fire-rettars meny. Danmark er ein hage, heilt ut til hegnen, der får ein beskrivinga av landskapet med linene til kulturformene. Charlotte Skipstedt viste det landskapet som enno ligg eit stykke unna urbaniseringa si utflytane og fortærande form.

ANTIMAKTUTTRYKK I KUNSTEN
BAS' BILETKUNSTNARAR

11 biletkunstnarar er engasjerte som lærarar ved BAS, 7 av dei deltok med ein felles utstilling. Symposiesesjonen var ein presentasjon av dei individuelle biletuttrykka saman med program eller beskrivande utsegn om eller i deira arbeid. Som døme kan me referera skulptørane Suvi Nieminen og Turid Ulldal, og to med andre uttrykk, May-Elin Bjerk Eikås og Kurt Johannessen, på bakgrunn av arbeida til dei andre BAS-lærarane, Asbjørn Andresen (den Blå Stein i Bergen), Kalle Grude (ulike media), Trudi Jaeger (store biletutsmykkingar og utstillingar), Eva Kun, Carl-Martin Hansen, Reinhart Haverkamp og Annette Koefoed.

Turid vist nokre av sine vegskilt - som i staden for eintydig trafikkregulering får oss til å oppfatta ulike element i omgjevnaden, alt etter kva skilt me møter på vår veg.

Suvi viste den kjende utsmykkinga av rundkjøyringa i Os sentrum, romskulpturen ho har kalla "Undine", - ein dialog med den lukka forma i rundkjøyringssirkelen gjort med ein bunden 3-arma "vekst-form" i rustfritt stål, som buktar og bøyer seg oppover til ein avslutning som ein blom. Dei krumme flatene refelekterar dagslys, solys og - veglys så sterkt at det overstrålar inntrykket av den beskrivande lukka forma, - dei lukka formene vert sprengde, ikkje i teorien men i det sterke, visuelle inntrykket du opplever på staden.

May-Elin viste to bilete malt i kvitt (nett no i ein større Festspelutstilling saman med Ludvig Eikaas). Dei to kvite bileta gjev deg inntrykk av lysrefleksjon tilsvarande ein skulptur (jmfr.Suvi), og får styrke og grad i kvitt og grått avhengig av kor du står. Uttrykkskrafta er ikkje eit monumentalt bilete men ei oppleving for deg som individ avhengig av kor det står i rommet.

Kurt er performancekunstnar og underviser i dette på BAS. På symposieutstillingen viste han, og las frå, sine siste to bøker: "Møte" og "Samanhengar". (Bøkene vart "slepte" no midt i Festspela på Melvær Norli Galleri.) Teksten gjeld, som i performance, å gje seg sjølv, mennesket, ein personleg posisjon i kvardag og univers.

ANTHONY GORMLEY

Etter varm lunsj frå grill på kaien vår, kom så hovudgjesten - Anthony Gormley, direkte frå London. Han er kjent her i landet for sin skulptur i Skulpturlandskap Nordland og for "jernmennene på Solastranda". Han presenterte eit av dei siste prosjekta sine, i Køln, avstøypingar av menn kring i eit sentrale kunstgalleri og ute i byen, og det nyaste, aktuelle prosjektet i Stavanger, "broken column".

"Broken column" er eit heilt sentralt innlegg i under tittelen vår "antimakt- uttrykk", det ligg både i tittelen og i handlinga. I prosjektet er menneskepersonen, autorisert til statue ved hjelp av sokkelen, flytta ned på bakken. Mennene er sette inn i ulike situasjonar i byen, frå inne i Kunstforeningen, private soverom og hagar til ute i Stavanger hamn, men alle vendt mot Vågen, byen Stavanger sitt historiske og romlege/arkitektoniske fokus. Dette er korkje skulpturhage (jmfr. Zoo) eller heltebiletet opphøgt på sokkel.

Dette er om tilhøve mellom menneske sameinte gjennom eit samsvarande høve som dei einskilde har til ein felles situasjon.

ANTIMAKT-UTTRYKK I ARKITEKTUREN
Døme

-frå Oskar og Zofia Hansen, Ralph Erskin, Lucien Kroll, Carsten Hoff og Suzanne Ussing, Doris og Ralph Thut, Maurice Smith og eigne arbeid, ved underteikna.

Med utgongspunkt i Oskar Hansen sin særskilde biografi, vart det vist ein serie arbeid av desse arkitektane.

Biografien til OH har fleire kapitel, og døma på antimakt-uttrykk er vorte mange.

OSKAR HANSEN I PARIS, LONDON, BERGAMO, PISA, OG HEIM

Studentstipendiat i Paris, praktikant hjå arkitekt Pierre Jeanneret, student hjå biletkunstnaren Fernand Leger (der gjekk og m.a. dei norske malarstudentane Halvdan Ljøsne og Lars Tiller), var med på CIAM-kongressar som representant for kontoret Jeanneret, vann arkitekturtevlinga for studentar på kongressen i London, gjorde bystudier i Europa (Pisa-studiet "Piazza di Miraculi" er velkjent, også publisert i BAFNYTT), og vende heim til Polen etter endt stipendopphald. (Av ei toglast stipendiatar vendte berre 2 attende til Polen.)

REDDA FRÅ SIBIR

Det er forståeleg at dei polske stipendiatane ikkje reiste attende til det stalinistiske Polen. Etter kort praksis vart Oskar anmeldt av fagrådet for arkitektur (arkitektkollegar/kommunistiske komisærar) for dekadent, vestleg arkitekturuttrykk, møtte i standretten men vart redda frå Sibir av ein eldre, respektert arkitekt, Cyrkus - "dei er så unge at dei lett kan feila". OH gjekk i sjølvpålagt husarrest i 4 år, fram til Stalins bortgang.

DEN POLSKE VÅREN OG OSCAR HANSEN

Året var no 1956, i ettertid kalla "den polske våren". Den katolske kardinalen, Wyszynski, og opposisjonskommunisten Gomulka vart sett fri frå fengslet, og Oskar Hansen gjekk som fri mann ut av husarresten. Omveltningane i det komunistiske Polen var store, særleg for åndsarbeidarar. OH var budd som få andre, og stilte ut sine arbeid frå husarresten, skulptur, bilete og arkitektoniske frie konstruksjonar. Det var det Jødiske Teatret som inviterte, og utstillingen var i foyajen til teatret som låg ved den sentrale Sigersplassen (Plac Wycienstwa) i Warszawa. Oskar Hansen vart landskjent og helt over natta. Frå hans hand og gruppe kom no ein serie prosjekt, ikkje realiserte men velkjende gjennom publikasjonar. Alle desse er beskrivande døme på antimakt-uttrykk.

Minnnesmerke over dei myrda i konsentrasjonsleiren Auschwitz (arkitekt: Albert Speer) vart eit sentralt prosjekt i denne samanhengen. I den internasjonale tevlinga om dette vann han og medarbeidarane 1.premien, juryformann var skulptøren Henry Moor. Men ein teknisk, nasjonal,komite tillot ikkje realisering fordi det gjekk ut over vilkåra å ikkje røra jorda. Eg viser her prosjektet i si omarbeidde form.

OPEN FORM

I 1959 deltok Oskar og Zofia Hansen i TEAM X - konferansen i Otterlo, temaet var "open form" (sjå boka til Jürgen Jödike). Dei viste bustadblokkene Rakowiec i Warszawa, med individuelle husvære og tilsvarande ytre uttrykk som alternativ til det repeterte anonyme. OH presenterte sin teori om "open form som estetikken for det store talet" (måten å gje form på når elementa, husa, er mange og menneska har likeverd og likerett). Arkitektnytt 1963.

Det vart undervisning frå eigen lærestol ved Kunstakademiet i Warszawa (herifrå programillustrasjonane for symposiet på internett, frå boka Hus og Miljø, av Svein Hatløy, DnSamlaget 1991), og praksis saman med kona Zofia, - bustadområde i Lublin og Warszawa (Byggekunst 3/1970).

KLS

Kontinuerleg, lineært system, eit framlegg til ny form for bystruktur for heile landet. Dei føregåande prosjekta og realiserte bustadområda vart grunnlaget, og systemet i prinsipp og form vart utvikla i ulik omfang i forskingsoppdrag og innbedne tevlingar, - byutvikling av Warszawa, Poznan og ein mindre by, Przemysl, og dessutan nytta i den internasjonale FN-tevlinga om ei byutvikling av Lima, Peru. Underteikna kjenner desse prosjekta som medarbeidar og seinare som kompanjong, og har realisert prinsippa i ei rekkje eigne prosjekt her i landet.

ANDRE INTERNASJONALE PROSJEKT OG REALISERINGAR

Utvalde døme: ERSKIN - Byker Wall, Newcastle, felles vegg mot ein planlagd motorveg men med individuttrykk mot felles innside (som OZH i Slowackiego, Lublin), KROLL - la Marne, individualiserte bustadar i stor utbygging utanføre Paris, og Teaterskulen i Utrecht, ei ombygging av ein fabrikk til ikkje predikterte løysingar og open form, HOFF og USSING - bustadform for tett og fri bustadbygging frå '70 til '90-talet, København og Lousianna, DORIS og RALPH THUT - deira rekkje av individuelle bueiningar i München, med utvikling av frie former i realistisk, økonomisk byggeri, utgangspunktet for realiseringa av mange bustadkompleks og fellesbygg, og MAURICE SMITH, dean for arkitektavdelinga ved MIT i mange år, vist med eksperimentbygging av eige hus gjennom økologisk gjenbruk av materiale i eit fabulerande rikt og ukjent formuttrykk.

RALPH THUT, FRÅ MÜNCHEN

-viste deira siste bygg, eige arkitektkontor med off.service på gateplan, ein bygning uttrykt i ny offentleg form, dimensjon og fargetone, realisert med ny, tidlegare ukjent teknologi, i ein anonym bayerisk forstad til München, opent inviterande pga det ikkje konvensjonelle arkitektoniske uttrykket.

MARCO CASAGRANDE, FRÅ HELSINKI

-saman med arkitektpartnar Sami Rintola 2.premievinnar i den store internasjonale designtevlinga AR-design 1999. (1.premien vart som kjent vunne av BAS-studentane Sixten Rahlff og Hans Olav Hesseberg.)

Casagrande/Rintola står for heilt nye tilnærmingsmåtar for folkeleg arkitektur, og samlar tusental deltakarar, både vedrørande omstruktureringa av landsbygda og kulturlandskapet i Finland, og ved synleggjering av den økologiske dimmensjonen i byen, av Venezia på Venezia-biennalen 2000.

WARSZAWA-SPELET

I pausane laga deltakarane forminnlegg på to arenar, som spel, - på den eine LUKKA FORM, på den andre OPEN FORM, med tilsvarande ulike kriteria og målsetjingar; for den fyrste: - å dominera for å verta best, for den andre, open form: - å utvikla adoptilitet, å laga nye situasjonar for nye, ukjente forminnlegg (god adopsjon), så deira kvalitetar vert synleggjorde.

DEI NYE ARKITEKTANE

Dei kjem frå BAS, dei er den nye generasjonen, dei har forma den nye diplomen, rett nok ikkje godteken av alle våre kollegar, heller ikkje av nokre av sensorane. Ikkje mindre, her vert viste dei for tida mønsterdannande prosjekta, - i problematisering, prosjekteringsmetode og formsvar. Tre av dei sju inviterte stilte (to av dei er viste i boka BAS-alternativet, Bergen 1999). Me sakna mellom andre det internasjonale vinnarprosjektet for Gallipoli, Tyrkia, av Anne Stine Reine og Lasse Brøgger, frå BAS; dei nye arkitektane er like opptekne som dei gamle.

MONA STEINSLAND, BAS

Diplom 1995, mønsterdannande i metode, med skisse i full målestokk ope ut mot havet, og gjennom eit nytt program for det offentlege rommet: - ein "Havkatedral" i naturlandskapet ytterst på Sotra, ein arkitektur som samlar folk som ukjende for kvarandre, utan avtalar og utan å underordna seg. Dette er ei ny form for tempelrom, utan den dømande gud innført med basilikaen sitt fokus.

TOMMIE WILHELMSEN, BAS

Diplom 2000, bustadar i Jåttavågen (parallelt med arkitektkonkurransen). Ein fleirtalsproblematikk, men ikkje så konvensjonelt avgrensa som dei lukka og vakre vinnarprosjekta (sjå siste Arkitektnytt). Tommie viste eit innleiande studium av open form for eit veksande tal element, og eit resultat med referansar til eit ope kulturlandskap og ikkje utelukkande med flate golv.

SIXTEN RAHLFF, BAS

BAS-diplom i 1997, mest kjent for studentprosjektet i Nepal (1995-96) laga saman med kollegar, tildelt Erskinprisen '97, AR-design-prisen '99, invitert til Venezia-biennalen 2000 med prosjektet "the city more ethics than estetics", og same år til biennalen i Havana, Cuba, med "den norske stova", no med eigen praksis i gruppa 3RW. Alle prosjekta vart viste. Det gjeld den nye og konkrete tilnærmingsmåten, - skissene er i 1:1, stoffet og bygningsmateriala er frå sjølve staden, visjonane har ekte objekt laust i bagasjen.

EVALUERING AV DEI UNGE

ved Thut, Casagrande og BAS-lærar Bjørn Bråthen: - Prosjekta står på eigne bein. Bygg Havkatedralen!

- FANTASTISKE KAMPAR

Havkatedralen vil no verta bygd. Sluttorda på symposiet var eit sitat frå Oskar Hansen si helsing: - Eg ser på framtida med missunning, de som er skapande - framføre dykk ligg mange fantastiske kampar med sjangsar for suksess.


bas, sandviksboder 59-61a, no-5035 bergen, norway   |   tlf 5536 3880, fax 5536 3881   |   e-post adm@bergenarkitektskole.no