ANTIMAKT OG OPEN FORM
EMNET- kjent gjennom «Open form, det store talet sin estetikk», bygger på arbeida og teorien til arkitekten og biletkunstnaren Oskar Hansen, Warszawa, utvikla gjennom ein lang arbeidsdag til han denne våren rundar 80, presentert som teori for fyrste gong i 1959 i Otterlo, Nederland, på den internasjonale arkitekturkonferansen til TEAM X - som samstundes både overtok og kom med eit alternativt program til CIAM.
Etter dette har mange arbeidd med eit kunst- og arkitekturuttrykk for eit meir demokratiske samfunn, som står i motsetnad til dei konvensjonelle maktutrykka som vi oftast ser i resultata frå politiske avgjersler og jurypremieringar.
Som døme på ein meir demokratisk arkitektur i dei siste 20 åra, kan vi nemna Lucien Kroll (i Benelux og Frankrike), Ralph Erskin (i Sverige og England), Carsten Hoff og Suzanne Ussing (i Danmark), Doris og Ralph Thut (i Tyskland) og mange i den aller yngste generasjonen. Kunstnarar har arbeidd med det sosiale byromet og med å få kunsten ned frå sokkelen, t.d. skulptøren Asbjørn Andresen («den Blå Steinen»), konseptkunstnaren Pavel Büchler («Marksmonumentet»), multikunstnaren Hans Venhuizen (park for folk med ulike handicap), og Antony Gormly («mennene på Solastranda»). Desse står alle for eit demokratisk samfunnsengasjement det ikkje er til å ta feil av. Minnest vi litt bakover, vert vi framleis inspirert av arbeida til Josef Buys.
Vi samlast til dette symposiet for å stadfesta aktualiteten for i eit nytt århundre. Vi må gi oss høve til å samanfatta, og samstundes underbyggja dei viktige forsøka som pågår nett no. I Stavanger er eit nytt stort projekt på gang, «mennene frå Solastranda» er på veg inn i byen, og det er interessant å registrera ein viss politisk motstand mot meir demokratiske uttrykk i det offentlege rommet. I Trollhättan har Konsthallen skipa til eit Josef Buys år. Det er viktig å samordna dette, og få til ei drøfting.
Trass i dei gode tinga som her er vist til, har det teke tid å få det fram «antimakt» som diskusjonsemne. Lærararbeidet på BAS og dei nye uttrykka i studentarbeida som så sterkt og eintydig har utvikla seg her, har ført til eit behov for ei samanfattande formulering. Ein særskild påverknad til ei formulering har underteikna frå eit radioprogram ein sundag for eit par år sidan, der Erling Sandmo i NRK-P2 presenterte «antimakt» i musikken som eit mottiltak då barokken kom - i form av engelsk polyfon musikk. Dette er viktig, maktuttrykket i barokken fekk kunstnarar til å reagera straks. Alternativet her var altså polyfoni.
Dette mangslungne er og det bærande i uttrykket hjå dei nemnde arkitektane Kroll, Erskin, Hoff/Ussing, Thut/Thut, og så sprudlande demonstrert i husa (om enn få) til Maurice Smith ( New Zealand - New England / MIT).
Eit par skisser til oppsummering.
Har gått og tenkt på polyfonien, dei engelske komponistane og P2-foredraget til Erling Sandmo sidan - og på den situasjonen vi er oppe i: - kultur og avmakt, dei heiderlege forsøka mot det utrivelege overordna i kvardagen, offentlege institusjonar og arkitektar si utøving av makt og orden.
I offisielle formuleringar er samfunnet vårt protestantisk og demokratisk, men i allmenn praksis og teori ganske katolsk, positivistisk og underlagt all autoritetstru når det gjeld kunst, arkitektur og tenking. Filosofen Hans Skjervheim er sentral mellom protestantane: - Positivistisk slutning, som prediksjon, høyrer ikkje heime korkje i samfunnsvitskap eller språket, men berre i naturvitskapen. Kunsten or arkitekturen høyrer vel så mykje under samfunnslogikken og språklogikken som under fysikken. Med makt og rasjonell logikk kan ein knebla det nyskapande og frigjerande uttrykket. Det er altså her det skapande, kritisk tenkjande mennesket det gjeld. Elles får ein berre former og uttrykk som er vedtekne på førehand. I arkitekturen har vi lange og mange tradisjonar for utøving av makt, som særleg er underbygde av barokken sine prinsipp. Prinsippa til Barokken styrer trass i konstitusjonelt sjølvstende og påakta fritenking. Dei nordiske offentlege arkitektskulane skil seg ikkje frå dei andre europeiske, dei byggjer framleis på teknisk kunnskapsideologi frå då dei vart grunnlagde for 150 år sidan. Teknologien vart då fornyinga og modernismen, og det har ikkje endra seg. Det er industriell produksjon som står for samfunnsmakt, og stykkprisresultatet er innarbeidd som verdimålestokk. Og med dette eit uendeleg sett av såkalla rasjonelle argument og målsetjingar.
I vår samtid kan det framleis synast som om barokken, maktutøving og overtaling, framleis er oppskrifta; - å sameina det vakre med regelrette. Makt og autoritet tel i eit land som vårt, som i dei siste halvt tusen åra, heilt fram til i det siste, har vore usjølvstendig og underlege kulturelt så vel som økonomisk.
Eldre byggetradisjon, derimot, var uavhengig og tufta på originale og sjølvstendige uttrykk i høve til geografi og vêrlag. Våre regionale bygningskulturar kan visa fram genuine former, og det er vanskeleg å samanlikna dei med bygningsformene i dei andre europeiske landa ettersom vilkåra var så ulike. Dei var uttrykk sjølveigande folk, og formene står framleis for demokrati og sosialt likeverd: - organisering av bygdesamfunn og by med allmenningen som fellesrom, landet med dei store felleshusa, store nok til å gjera utearbeid inne i (som den greske geografen Pyteas beskreiv det), bustadhusa i kollektiv form kalla tun, einskildhusa som påbyggingsformer, bygde og utvikla langt opp mot vår tid, sjølvstendige og regionale - som trønderlåna, vestlandske lemstover og Østerdalen si barfrøstova. Desse døma fortel om dei ulike regionane sine sjølvstendige arkitekturformer, ei vesentleg differensiering som og er synleg i stavkyrkjene, endå desse låg under ei sentralmakt. Dette er ein arkitektur som i hovudsak er uttrykk for å rå med situasjonen, ikkje for å styra over andre. Det var sivilisasjonsbyggjande uttrykk, ikkje reaksjonært maktdemonstrerande. Altså: to motsette tradisjonar.
Men deretter vart også det yttarste av Europa europeisert, og offisielle vedtak innført som program. Barokken, med sin kraftfulle og overtydande estetikk og orden, har ridd arkitekturen sidan, som eit åndeleg bombehelikopter, med piloten sitt oversyn og overmakta sitt siktemål. Pave Sixtus den femte innførte ein byggestil som skulle inngi makt og visa Guds velde, som reaksjonær motreformasjon. Det romlege perspektivet vart fastlagt, den allmektige skulle stå midt i sentralperspektivet, renessansen skulle bekjempast med sitt eige våpen.
Guds og pavens makt skulle demonstrerast i kyrkjebygg og byplan, i Frankrike vidareutvikla av Richlieu for både kyrkja, kongen og handelsborgarskapet, og i London greidde Christopher Wren å gjera ei dyktig vri, anvenda barokkform med bank og børs i sentrum, på Bankplassen. Vi kjenner alle Bernini sin maktarkitektur,- det er vanskeleg å synast om Peters-plassen. På den andre sida kjenner vi Borromini si vesle kyrkje San Carlo alle Quattro Fontane, som er vedunderleg vakker, og som slettes ikkje demonstrerar makt. Her gjeld det å ikkje blanda korta.
KVA HAR VI I DAG?
- Store kjøpesentra, bygg som er større enn hus.
- Byggefelt for småhus, heller ikkje små og uskuldige.
- Dei store bustadblokkene, som opphavleg var teikna som heile byar eller små verdenar, vart deretter forma etter gamle konsept, med avslutta form og hovudinngang som til eit slott. Rømingstrappene var bak eller i ytterkant som for tenarskapet i tidlegare tider.
- I rekkehusa er eininga familien, men forma er ein teknisk sum.
- Den største forma i samfunnet er asfaltvegen, teknisk i alle sine formvedtak.
- Estetikken kjem sjølv i ein undertrykkande stilling når direktorat og institusjonar forvaltar den gode smak. Handbøker om «den gode form» og «det gode rommet» vert smaklause når dei på førehand postulerar kva som er god og rett form på ting og rom.
I dette får vi umoglege problemstillingar, - at berre det allereie vedtatte er det rette. Det nyskapande får tronge vilkår.
Det store vert berre summar og mengder. Fleire individ samla får berre formsvar som repetisjon av det eine. Orden vert laga av repetisjon og anonymitet, og formell kontroll.
Formpremiss kjem frå tekniske regelverk. Individet må underordna seg mengda og teknisk regulering.
LIKEVEL
Alle veit at problemstillingar med omsyn og omtanke kan formulerast. Dei gode døma finst, både i program og realisering.
Oskar Hansen viste individet gjennom tolkande kunstuttrykk, og ved hjelp av bakgrunn for individuell presentasjon. Dette vart gjort i kollektive buformer meir folkerike enn våre.
Lucien Kroll har greidd å realisera eit stort mangfald i uttrykket. For han tyder mange hus mange uttrykk, og han gjer det så dei ulike uttrykka underbygger individuell identitet. Hoff og Ussing laga eit endå friare formspråk, så fasadeelement, bygningselement og dører kunne skiftast og omformast lettare. Dei vann 80-tallets bustadtevling i Danmark, men fekk berre realisera skisser i full målestokk på Louisianna Kunstmuseum. Kunstens si verd er truleg utvegen for oss alle.
Svein Hatløy
|