Relational Objects
 
 
Eclectic Atlas
 
Programs
 
DAV
 
Histories from a Tuft - Ytre Moa:
Project by Torstein Haug Hagen

Personar har ulike forutsettingar og ynskjer for ein tur.
Grovt sett kan ein dele desse inn i tre grupper;

- Dei som tar ein kort tur i nærmiljøet
- Dei som tar ein lengre tur, kanskje med overnattingar.
- Dei som tar ein krevande turar der ein ofte må ha spesial-
utstyr for å få gjennomført turen.

Det er mange flotte og fantastiske opplevingar ein får med
seg frå ei vandring, men må toppen alltid vere målet.
Kan ein tur ha meir å by på. Kva med eit lite avbrekk,
pusterom eller ein heilt annan oppleving.

Ein kan generelt seie at til lettare ein tur er til meir overskot
har ein til andre sansingar og fysikk aktivitet. Det vil seie at
ein lett og kort tur kan fyllast med eit større program enn
ein lang og strevsam tur.

 
 
Fordeling av personar i ulike grupper Fordeling av gruppene i Årdal
Situasjon: Øvre Årdal - Ytre Moa
 
Øvre Årdal   Ytre Moa
Historien til Ytre Moa:
 

Ytre Moa er ein morene-terrasse av grus og
sand som breelvane la att i sjømålet
ved slutten av siste istid. Platået ligg ca.
100 m over havet og er i dag for det meste
dekka av lauv skog.

På Ytre moa finn me ruinane av eit gards-
anlegg frå vikingetida. Dei har vore i bruk frå
slutten av 800-talet og fram til midten av 900-
talet, då det truleg vart forlatt p.g.a. vass-
mangel, og har sidan vore ein øydegard.

 

Slik som tuftene framstår i dag er det ikkje
so lett å skjøne korleis det kan har vore.
Det er no over 40 år sidan ruinane vart
graven ut og mange av tuftene er tilgrodd
av torv og mose. I tillegg har det vore fleire
brannar på Moa når garden var i bruk. Nye
hus vart sett opp for å erstatte dei tapte.

Ein kan seie at det etter kvar brann er vorten
ein ny fase på Ytre Moa, og dei fordelar seg
på denne måten;

   
Fase 1: Slutten av 800-talet   Fase 2: 800 - 900-talet   Fase 3: 900-talet
Hus A,C og E er truleg dei tre første husa
som kom opp. Alle murane etter desse hus
ser ut til å vere laga på same måten. hus A
var ei stove, hus C ei bu og Hus E er eit fjøs.
Det vart også bygd steingardar/ rydnins-
røyser for å skjerme eit indre tunområde.
  Ei kol stripe på innsida av muren til hus A
tyder på det har brunne. Huset vart lagt øyde
og erstatta av hus F. Det vart også bygd
steingard nordover slik at den nye stova og
får eit skjerma område framma seg. Dei andre
to husa vart brika på samemåte som før.
  Det tar truleg ikkje lange tida før også det
nye huset brenn, dette har og spor etter
brann. Denne gongen vert det sett opp ei
ny stove i muren, i tillegg blir det laga eit
eldhus litt utanfor tunet. Muren blir forlenga
slik at den stengjer for hus F.
Fase 4: 2008 -  

I den nye fasen har eg laga eit opplevingshus, som spelar
saman med tuftene og landskapet rundt. Bygget vil ha fokus
på lyst og mørkt, gjennomskinnelegheit og lyd.

Bygget har ein streng form på utsida, medan innsida er meir
organisk. Den innvendig formen kjem seg av eit avtrykk av
tuft E. Der eg har nytta det positive rommet der folk oppheld
seg då huset var i bruk, og gjort det om til eit negativt rom i
bygget der det ikkje går an å opphalde seg. Og omvendt,
slik at avtrykket etter steinveggane er no det rommet i boksen
ein bevegar seg i. Utvendig er taket inspiret av dalane rundt.

Bygget er plassert slik i landskapet at “Dalen” i taket råkar
midt i fjellet der Utladalen og Moadalen går saman til å bli ein
dal. Steinskivene som byggningen er
laga av ligg i ein nord/sørleg retning. Bygget er så høg og ligg
slik til at det er synleg frå Årdalsentrum og vil på den måten
gjere folk merksam på at det skjer noko oppe på Moa

 
Positiv “før” Negativ “no”
Materialet i bygget er stein og glass, Veggar og tak er bygd
opp av presist skorne tjukke skifer, som blir ei gjennomgåande
skive frå nord til sør. Heile bygget er satt saman av desse
skivene som blir plasser ved sida kvarandre. Nokre stader blir
skifaren bytta ut med glass for å sleppe inn lys, og gjere det
mogleg å få kontakt med omverda. På golvet vil det vere stein
som er ulikt behandla på overflata for å gje forskell i reflek-
sjonen av lys og kjensla av å gå på det.
 
 
Tuft F etter utgravinga i 1964-66
Å ligge på golvet å la lyset sile over huden
     
 
Bygget i forhald til tuftene Planteikning
 

 

I det du trer inn i bygget vil du gå
gjennom ulike «soner». Det startar med
at du går frå den lyse dagen ute og inn i
mørket. Her er det glas-skiver som går
gjennom veggen og slepp inn lyset på
ulike plassar i ulike høgder.

Når du går lengre innover blir det bli
mørkare. Her kan du velge om du vil gå
opp eller vidar inn i mørket. I etasjen
over er heile veggen mot sør dekka av
glasskiver. Desse er det ikkje mogleg å
sjå direkte i gjennom, men du vil ane
konturane av landskapet utanfor i det
skiftande lyset.

Om du vel å ikkje gå opp, men vidare.
Kjem du inn i eit ganske mørkt rom, der
du vil trenge tid for å venje augene til
mørket, Kanskje legg du deg på ein benk.
Etter kvart vil du sjå meir og meir av det
rundt deg. Veggen mot vest er så tynn
at du kansje høyrer nokon som er
utanfor og kan banke tilbake.

Det siste rommet ein kjem til er det
akustiske rommet her er veggane glatte
og taket høgt. I dette rommet er det ein
lang etterklang.

I senter av bygget er det eit hol i taket,
her kan ein sjå rett ut. På golvet under er
det ein vass-spegel som reflekterar
himmelen. Om det regnar kjem det rett
inn.

Holet i taket slepp lyset ned i “krysset” Lyset pressar seg gjennom veggen
 
Stein og glas møter grasbakken Modell av korleis steinskivene møter tuft