 |
 |
| Eg har valgt å prøva å tilnærme meg mi rolle som arkitekt i Årdal gjennom tankar innan Heidegger sin filosofi. Eg har brukt element frå hans tankar om kunsten og teknikken, og overført dei til eit konkret arkitektonisk prosjekt. Denne framgangsmåten gav meg eit nytt syn på mi rolle i situasjonen, og på situasjonen i seg sjølv. |
|
|
 |
 |
 |
| Kurset har hatt oversktifta “relational objects”. Ein stor del av prosjektet mitt har gått ut på å finne ut kva eit slikt relasjonelt objekt kan vera. I denne tankerekka har Heideggers filosofi vore svært inspirerande som ein slags teori bak mine handlingar. |
|
|
 |
Eksempel på arkitektur i bruddet
med fortrulegheita kan vera:
-arkitektur utan forståeleg funksjon
-uforståeleg/uhandgripeleg form
-diffust rom
-tilfeldighet
-derorientering
-noko som bryt med konvensjonar
-i ytterste konsekvens noko
ubehageleg og provoserande |
 |
DAV som ny
overliggande struktur |
| |
 |
|
|
| exsisting situasjon |
DAV as relational object |
|
|
|
 |
 |
Om ein kan kalle ein stad ein bruksting i Heideggers forstand, ser eg på Årdal som ein godt fungerande bruksting. Ein kan nesten sei at staden eller den samlinga av folk som finnast der, ligg der som eit redskap for å drive den industien som er utvikla der. Kanskje kan ein kalla Årdal ein global bruksting i aluminiumsindustrien.
Er det slik då, at denne bruken av staden slik den er i dag vert så nær og fortruleg at menneska glir inn i ein gløymsel om den kultur og verkelegheit dei befinn seg i? Skaper den ein passiv verkelegheitsforståing som etter kvart vil bryte ned samfunnet og gjere at menneska vil miste mykje av forståinga og meininga med sin verkelegheit? Om ein ser ut i frå Heideggers filosofi vil dette vera tilfelle |
|
|
 |
Eg brukte konkrete bilete av DAV-arbeidet mitt og projiserte desse over kart fra nokre av dei strekkene eg gjekk då eg var der. Eg teikna fragment av desse projiseringane inn på karta. Desse nye strekane og flatene vart nye framand-element på karta som relaterte seg til situasjonane på heilt nye, delvis tilfeldige måtar som fekk meg til å sjå nye ting.
Etter eg hadde laga tre kart, eit for kvar av dei tre hovudturane me tok då me var der, valde eg ut ein mindre situasjon på kvart av dei tre karta. I kvar av desse situasjonane gjorde eg eit studie på kva desse nye abstrakte formene på karta kunne vera, og laga modellar for kvar situasjon for å illustrere kva eg kom fram til. |
|
|
|
 |
 |
| Mi oppgåve vart etter kvart å prøve å bryte med den fortrulegheita som Heidegger ser på som det som skapar den kvardagslege gløymselen. Mitt relasjonelle objekt, tatt ut frå DAV-oppgåva mi, vart det som skulle bryte med denne fortrulegheita. |
|
|
 |
| |
| |
 |
|
| |
|
| |
|
|
 |
| |
|
| |
|
 |
|