1. SEP 07
NY REKTOR VED BAS - VIDAREFØRER DET FAGLEG PEDAGOGISKE ALTERNATIVET.

Sivilarkitekt MNAL, Marianne Skjulhaug, overtar som rektor ved Bergen Arkitekt Skole etter Svein Hatløy 1. september. Ho er utdanna ved NTH i 1990, er medlem i NAL sitt landsstyre og for tida tilsett ved Norconsult der ho er seksjonsleiar for areal- og byplangruppa. Ho har kontinuerlig og betydeleg erfaring og kompetanse innanfor byutvikling, byform og planprosessar og har som byplanlegger leia plan- og utredningsarbeid i Bergen sentrum, knutepunkta / bydelssentra i regionen og kommuneplanen sin arealdel for Bergen. Kampen om attraktive byområder, tilhøvet mellom bustad/næring og det offentlege sin innsats er her viktige problemstillingar. Ho har også arbeida med å utvikle forståinga av urbanitet og har etablert omgrepet urbant råstoff.

Ho har erfaring frå internasjonalt arbeid gjennom innsatsen i Europan Norge - eit omfattande europeisk nettverk som organiserer arkitektkonkurransar for unge arkitektar. Her er ho for tida konstituert som daglig leder.

Marianne Skjulhaug har sete i fleire konkurransejuryar og utforma ein nasjonal rettleiar for varelevering i by. Ho har vore mastersensor ved NTNU og har undervist ved BAS.

Ho har og vore prosjektleiar for det internasjonale kunstprosjektet Skulpturlandskap Nordland.

Marianne Skjulhaug tiltrer ved Bergen Arkitekt Skole, Noregs private arkitekthøgskule, - eit fagleg pedagogisk alternativ til NTNU og AHO. Ideologien er basert på læra om Open Form, utvikla av Oskar Hansen og vidareført av Svein Hatløy som har vore rektor sidan oppstart av skulen i 1986. Etter sin avgang held han fram som ansvarleg for vidareutvikling av skulens forsking og utvikling innan arkitektur og kunst, mellom anna med etablering av Open Form Master.

Marianne Skjulhaug er valt ut frå si breie erfaring frå offentleg og privat verksemd, der ho frå tidlegare kollegaer mottar overveldande gode skussmål både fagleg, administrativt og relasjonelt. Hennar formidlingsevne innan undervisning er også vektlagt.

- I ny rektor har vi fått ein verdig arvtakar etter Svein Hatløy, som fekk æresmedlemskap i Norske Arkitekters landsforbund for sitt arbeid nettopp med utvikling av BAS. Marianne Skjulhaug vil vidareføre BAS ideologien og samtidig vidareutvikle skolen i den nye tid med auka krav for nasjonal og overnasjonal akkreditering, uttalar styrets leiar Leif Jæger som har sete i innstillingskomiteen.

- Eg gleder meg veldig til å ta fatt. Eg har et mangeårig forhold til BAS . Det går tilbake til 1986, då skulen blei starta, og eg hospiterte ved skulen. Seinare har eg undervist der gjennom 13 år, seier Skjulhaug. Ho vil prioritere oppretting av ei forskingsavdeling, og overtar jobben i visse om at BAS framleis skal vere ei alternativ arkitektutdanning.

bas, sandviksboder 59-61a, no-5035 bergen, norway   |   tlf 5536 3880, fax 5536 3881   |   e-post adm@bergenarkitektskole.no